Monsterbesøk

Monsterbesøk

Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko moro å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre?

I denne vesle figurteaterframsyninga om kor vanskeleg det er å vere tre, møter dykk Lys levende Adele i alle rollane.

Den varar i om lag 30 minutt, og passar for heile familien, frå 3 år og oppover.
Framsyninga er laga for å speles utandørs i all slags vær, men kan også speles innandørs.

Monsterbesøk byggjer på den nynorske biletboka med same namn av Áslaug Jónsdóttir, Rakel Helmsdal og Kalle Güettler, og Tove Bakke har omsett. Boka er den femte i den populære serien frå denne svensk/færøysk/islandske trioen.

 

 

Denne framsyninga er støtta av Biblioteksutvikling Vestland Fylkeskommune, Folkeakademia i Sogn og Fjordane og Hordaland og Bergen kommune.

Áslaug Jónsdóttir omtalar framsyninga på si heimeside her

Turneplan vår 2022:
29.01.22 Øygarden – Larslihytta
30.01.22  Alver – Sjöbua i Byngja

18.02.22 Stord
18.02.22 Fitjar
19.02.22  Kvinnherad
20.02.22 Tysnes
11.02.22  Sogndal
10.03.22  Lærdal
12.03.22  Luster
13.03.22  Årdal
18.03.22 og 20.03.22 Barnas Kulturhus for barnehager
19.03.22 Barnas Kulturhus – Barnelørdag
21.04.22 og 06.05.22 Osterøy bibliotek for 1. trinnselevar på Osterøyskulene
14.05.22 Barnelørdag Ådnahallen Kulturverksted
19.05.22 Samnanger
11.06.22 og 12.06.22 Lofthus og Jondal